Hovedside
Om laget
Aktivitetsplan
Bilder
CD
Notehefte
Årsmelding
Vedtekter
Lenker
Støtt oss
Kontakt oss



 
   

CD - "Dans på Stabbursloftet"   (utgitt 2009)

Sample Image

Endeleg plate nummer tre!

Romsdal Spelemannslag nærmar seg 75 år. Men det er først dei siste tiåra vi har sett varige
lydspor etter oss. LP-en ”Dans under Trollveggen” kom i 1977. I 1997 ga vi ut CD-en
”I Romsdalstakt”. 12 år seinare meinte vi det var tid for ei ny utgjeving. Dei gamle platelagra er
nesten tomme, etter jamt sal år etter år. No trengst det påfyll av nytt materiale, og dei gode
melodiane har lenge vore klare for innspeling! Resultatet: ”Dans på stabbursloftet”.
Det er viktig å ta vare på folkemusikktradisjonane, og denne CD-en er eit lite bidrag.
Spelemannslaget har fått høve til å gå gjennom skriftleg materiale, gamle lydbandopptak av fleire
gamle spelemenn i Romsdal, og har funne fram mange gode slåttar. I tillegg har laget tre
komponistar i eigne rekkjer, Arnold Farstad, Guttorm Roaldsnes Ulvund og Trygve Jenset –
og ein som veit kor folkemusikalske godbitar er å finne, Bergtor Gjerde.
Den nye CD-en inneheld 20 melodiar, inkludert ein flott versjon av ”Romsdalspringaren” med vår
musikalske leiar Leidulv Stokkeland og ein nydeleg springar frå Tresfjord framført av mor og dotter,
Liv og Jorun Marie Rypdal Kvernberg. Ei eiga gruppe i laget tolkar kjenslevare stemningar frå
”Seilerhytten” på Hjertøya. Drivande rytme kjenneteiknar dei fleste melodiane.
Dei vil garantert lokke deg ut på dansegolvet, anten det er i stova, festsalen eller stabbursloftet.
Nyt dansen!

        
Voggesong for sliten spelemann/møy.

         No kviler han, spelemannen vår.      No kviler ho, spelemøya vår.
         No smiler han, spelemannen vår.      No smiler ho, spelemøya vår.
         For dansen begynte i går.       For dansen begynte i går.
         Månen har gått for å ta seg en lur.      Månen har gått for å ta seg en lur.

         Fela vart sliten og kjerringa sur,      Fela vart sliten og kjæresten sur,
         og no høyrer ho katten vil inn.      og no læt han som katten og vil inn.
         Fela vart sliten og kjerringa sur,      Fela vart sliten og kjæresten sur,
         for no søv han med fela mot kinn.      for no søv ho med fela mot kinn.

                                                                                                        Guttorm Roaldsnes Ulvund


Omtale av slåttane

Polka frå Tresfjord (trad.)
Arr. Jakob J. Rypdal. Heile laget.
Dette er Tresfjord-musikk slik militærmusikarane spela for over hundre år sidan.
Polkaen er opp-teikna etter Jakob L. Kjersem (1862-1944) – morfar til Peter L. Rypdal (1909-1988).
Jakob J. Rypdal leia Divisjonsmusikken Østlandet. Originalarrangementet er for 2 feler, klarinett, cello og piano.

Vals i form etter Ole J. Farstad (1892-1968)
Arr. Arnold Farstad. Heile laget.
Til dagleg vart Ole kalla Ole Nesså etter garden der han vaks opp på Farstad.
I biografien ”Musikanter i Romsdal” omtalar Anders Gjendem han som ein god felespelar.
Denne valsen har Ole etter ”Tosten på Hauå” (Torstein Eidem frå Elnesvågen, 1829-1910).

Skotsk i G etter Iver Hoksnes (1869-1940) i form etter
Andreas Nerbøstrand (1913-2000)
Arr. Arild Hoksnes/Arnold Farstad. Heile laget.
Iver var son til den kjende spelemannen Remma-Ola (Ole Mathias Hoksnes 1835-1928) på Gossen,
og lærte å spele fele av faren. Han spela og på sjøllaga klarinett. Nils L. Rakvåg (Inger-Nils) (1887-1982),
som lærte å spele av Iver, sa at han var den beste spelemannen i Ytre Romsdal på den tida.
Når han på fritida ikkje spela fele, sat han med trearbeid. Den store interessa for musikk og treskjering gjorde
at Iver bestemte seg for å lage ei dobbelpedalharpe. Han laga alle delar sjølv og arbeidet tok 20 år.
Harpa er no utstilt på Romsdalsmuseet. Denne skotsken er og kjend andre stader i landet.

Reinlender etter Ole Gussiås (1908-2002)
Arr. Arnold Farstad. Heile laget.
Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal har opptak med Ole Gussiås frå Nesset der han spelar slåtten.
I eit intervju med Olav P. Hjelvik (1920-) i den samanheng, seier han at det er ein slått etter faren, Peder Gussiås (1871-1945).
Truleg er det ein tradisjonell reinlender. Faren var Ole sin viktigaste læremeister på fela.

Springar etter Tosten på Hauå (Torstein Eidem)(1829-1910)
Leidulv Stokkeland, solo.
Tosten på Hauå frå Fræna skal ha hatt eit stort repertoar av springarar, polsdansar
og skotskar. Han var ein dyktig spelemann og deltok m.a. på kappleikar i byrjinga på 1900-talet
saman med kjende spelemenn som Halvor Ørsal og Nils Bakke. På kappleiken i Kristiansund
i 1907 fekk han ekstrapremie på 10 kr som var ein stor sum den gongen.
Denne forma er etter Ole J. Farstad frå Farstad (1892-1968) som spela inn springaren på band
i 1959.

Smotte-Rasmus, vals etter Ole Wenge (1898-1983)
Arr. Arnold Farstad. Heile laget.
I byrjinga av 1960-talet var trekkspelaren Ole Wenge medlem av Romsdal Spelemannslag, og
Toralv Orvik (1900-1989) skreiv opp denne valsen etter han.
Ole Wenge var rallarspelemann frå anleggstida på Raumabanen og var den første som spela
trekkspel i Folkemusikkhalvtimen i NRK. Han utvikla ein eigen måte å spele trekkspel på til
feleslåttar. Det var denne tradisjonen Oddvar Nygård vidareutvikla. Ole Wenge vart kalla
trekkspelets Myllargut. Denne valsen er og kjend som Martnadsvalsen.
Opphavet er ukjent, men kanskje vart han spela på Romsdalsmartnan?

Galopp etter Olaf Hagen (1899-1989)
Arr. Arnold Farstad. Heile laget.
Olaf Hagen var ein av ni sysken der tre var aktive spelemenn. Familien var busett i Nord-Fron
og Olaf var mykje nytta som dansespelemann. Han flytta i vaksen alder til Lillehammer, der han
livnærte seg som møbeltapetserar. Vi kjenner ikkje til at han har laga slåttar sjølv. Broren Johan
(1875-1963) flytta til Molde der han hadde salmakarforretning. Han var ein dugande spelemann
og deltok på kappleikar i vårt distrikt. Sonen Magnus Hagen (1924-1992) var ein svært habil
spelemann og domar, og var leiar i Romsdal Spelemannslag i ei årrekkje. Magnus har laga fleire
slåttar, mest kjend er masurkaen Veslejenta, som er med på LP-plata ”Dans under Trollveggen”
(Romsdal Spelemannslag 1977)

Lauparen, masurka av Guttorm Roaldsnes Ulvund (1947-)
Arr. Arnold Farstad. Heile laget.
Slik gjekk det til i august 2006:
To spelemenn og ei kvinde, sette seg det mål å bestige ein tinde.
I stuttbrok og lauparsko dei langa ut mot Lauparen sin høge nut.
Det gjekk ikkje tregt og trått, for dei tralla på ein ny slått.
I det andre veket dei nådde toppen, pause i slåtten, godt for kroppen, for her
bor ”stilla” med all si velde, som raust byr dei ause av hennar kjelde.
Der nede mellom høge fjell, vatna blenkjer, småfuglen sit på stein og tenkjer:
Aldrig har eg høyrt slikt, og ikkje noko som er likt.
Skal tru om eg fær høyre resten?....På kappleiksfesten?
Og slik vart det…høyr her…

Reinlender etter Johan O. Nerland (1853-1919)
Arr. Arnold Farstad. Heile laget.
Johan vart og kalla Johan Brevikhaug, eller som Styrkår Farstad seier i eit gamalt lydbandopptak, Johan Kvilarn frå Nerland.
Johan likte denne slåtten godt. Sigurd Solås fortel i ”Gamalt frå Fræna” 1985 at når han spela denne slåtten, så flytta han
seg fram og tilbake på langbenken der han sat, slik at kvinnfolka måtte rømme og fint stå, dersom dei då ikkje fekk danse.

Oppdalingen, pariser etter Jon Kvernberg (1911-1981)
Arr. Torbjørn Kvernberg/ Arnold Farstad. Heile laget.
Denne slåtten var ein av favorittane til Jon. Når det gjekk riktig godt med samspelet med Ole, Ola og Kåre Kvernberg
på munnspel, trøorgel og gitar, kunne Jon bryte ut: ”Ja no kjem`n – ja!”
Jon Hammervoll (bestefar til Nesbø-brørne) på telefonsentralen sendte konsertane vidare via telefon til dei
nessetgjeldingane som ville høyre.

Den trollstemte, springar
Arr. og framføring: Jorun Marie og Liv Haldis Kvernberg.
Denne slåtten er ein ”vandremelodi” som har fått si spesielle utforming i Tresfjord etter Ole B.
Rypdal (1864-1945) (Tu-Ole). Den er trollstemt og vert og kalla ”Fandens polsdans”

Øverlisetra, vals av Arnold Farstad (1948-)
Arr. Arnold Farstad. Heile laget.
Musikken vert ofte laga ut frå minne, helst gode minne. Denne valsen er og ein slik slått,
der komponisten deler gode barndomsopplevingar frå turar på setra.
Øverlisetra ligg lengst inne på Kleive, og vert i dag nytta som hytte.

Otto i Skårnesa-slåtten, masurka etter Bergtor Gjerde (1933-)
Arr. Bergtor Gjerde / Arnold Farstad. Heile laget.
Bergtor fortel: ”Spelte denne slåtten saman med ”Otto i Skårnesa”, ”Asbjørn i Myren”, ”Lars på Naustvolla”
og far min ”Kristoffer på Kroken” 17. mai 1947 på ungdomshuset Dalheim, Skorgen
i Vestnes. Otto likte spesielt denne slåtten, han heldt høgrehanda ca. 25 cm oppå bogen og
spelte veldig rytmisk”. Rette namna på desse spelemennene var: Otto Teodor Berg, Asbjørn
Vestnes, Lars Bjermeland og Kristoffer Gjerde. ”Mor var veldig skeptisk til at eg skulle vere med,
for eg gjekk for presten og skulle konfirmerast det året, men eg maste meg til å få bli med.
Mor var redd presten fekk høyreom det og nekte å konfirmere meg,” seier Bergtor.
Otto brukte skråtobakk som mange andre, og smilte når han såg denne gutungen spele fele.
Skråtobakkvæska rann nedover haka og ned på kvitsnippen. Dette bildet sette seg fast i minnet til
den unge Bergtor. Han fortel: ”Vi spelte også ein springar den gongen. ”Ivarasmuss” på Ellingsgarden
fekk med seg Berta Kristiseter, den einaste som kunne følgje han i springdansen”.

Klunkar’n, reinlender etter Jon Kvernberg (1912-1981)
Arr. Arnold Farstad. Heile laget.
I Folkemusikkbladet nr. 1/2005 for Møre og Romsdal skriv Jostein Engen (1941-2007 ― tidligare medlem
i Romsdal Spelemannslag) fylgjande: ”Tek vi føre oss eit bygdesamfunn og musikken
som har levd i eit slikt, vil vi ofte ende opp med at det kan være enkelte gardar eller grendelag
som kjem sterkare fram i lyset enn andre. Og held vi oss til den eldre dansemusikken, kan vi finne røter til ein tradisjon.
Eit døme i så måte kan være Kvernberg-gardane i Nesset. Der det i alle fall dei siste hundre åra har budd einkvann
som har traktert eit instrument”. Jon Kvernberg var frå Øvre Kvernberg, ein sjølvlært og habil felespelar som kunne mange slåttar.
Nokre av desse fekk Liv Haldis Rypdal Kvernberg skrive opp tidleg på 70-talet, mellom anna dei tre slåttane på denne CD-en.

Vals etter Ole Gussiås (1908-2002)
Arr. Arnold Farstad. Heile laget.
Valsen er skriven ned av Ole Gussiås frå Nesset. Han skreiv ned mange slåttar frå Romsdal,
men og frå andre distrikt ― særleg frå Nordmøre. Vi veit ikkje heilt kor denne valsen kjem frå,
men ei lita påskrift på notearket tyder på at Ole kan ha slåtten etter spelemenn frå Aure på Nordmøre.
Ole lærte seg elles mange nordmørsslåttar ― særleg i dei åra han budde på Skei i Surnadal før krigen.

Sommernatt ved Seilerhytten, vals av Mindor Bolsø (1885-1953)
Arr. Arnold Farstad. Gruppe: Arnold, Guttorm, Odd, Arne, Kjell Inge, Ove og Terje.
Frå Mindor Bolsø sin steson, Hall Lønseth i Molde, fekk vi overta ein del originalnotar frå
Mindor si hand. Mellom dei denne fine valsen. Den er truleg laga like før krigen og seinare
tileigna Molde Seilforening. Valsen har og tekst av Bolsø. Han var ekte Molde-gut og sjølv
ivrig seglar. I tillegg til komponist var han amatørmusikar, songar og dirigent.
Han var og ein dyktig biletkunstnar. Av yrke var han boktrykkar.

Teksten til valsen ”Sommernatt ved Seilerhytten”

I lyse sommernetter,   Når månen i fjorden sig speiler
ved holmens lune bred,   og alt er så fredfullt og tyst,
når månen opp sig letter   da sitter og drømmer en seiler
og spreder ro og fred,   og speider mot havskjær og kyst.
da hviler over sinnet en skjønn harmoni  Han ser i måneskjær
og strengene stemmes,   sin søte hjertenskjær
og sorgene glemmes   og hvisker med vemodig stemme:
man føler sig lettet og fri.   O, kunne du være mig nær.

Masurka etter Alf Stavik (1918-2008)
Arr. Jorun Marie Rypdal Kvernberg. Heile laget.
Alf Stavik var frå Harøysund i Fræna. Jorun Marie, noverande dagleg leiar av Folkemusikk-
arkivet for Møre og Romsdal, fekk høyre Alf på video-opptak som Folkemusikkarkivet hadde
teke opp. Han var ein eldre mann med ein 150 år gamal klarinett, og med musikk ho aldri
hadde høyrt sjølv om han budde berre 2 mil ifrå hennar heimstad. Kontakten vart oppretta og
slåttar utveksla – mellom anna denne masurkaen.
(Den gamle klarinetten til Stavik er frå rundt 1850 og har ei eldre utgåve av ”Albert-systemet”−
dvs. færre klaffar enn dagens Bøhm-system, som er vanleg i vår del av verda. Den er laga
av treet Buksbom som gir ein litt spesiell klang.)

Munnspelreinlender etter Andreas Nerbøstrand (1913-2000)
Arr. Arild Hoksnes/Arnold Farstad. Heile laget. (Innspelt som reinlender med turar.)
Andreas Nerbøstrand frå Gossen hadde denne slåtten etter onkelen Ole (1871-1956). Ole var ein
meister på munnspel. Han skifta mellom mange små munnspel med ulike toneartar. Slåttane etter
han har ofte ei god og enkel melodiline og ei drivande takt.

Skotsk etter Ole Gussiås (1908-2002)
Arr. Arnold Farstad. Heile laget.
Også denne slåtten har eit nokså ukjent opphav. Truleg lærte Ole Gussiås han av faren, Peder
Gussiås. Variantar av slåtten finst fleire stader, og er ein typisk vandreslått. Slåtten finst og i
opptak med Ole i Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Ole hadde ein frisk og spenstig måte
å spele på med mykje tostemt spel.

Stabburspols av Trygve Jenset (1918-)
Arr. Arnold Farstad. Heile laget.
Trygve laga denne slåtten til opninga av Reknesstabburet i 2004.
Han fortel at han har spela fele sidan han var seks år, og kan veldig mange slåttar.
Ein kveld tenkte han at det hadde vore artig å lage ein sjølv. Slåtten skulle ikkje
likne for mykje på andre slåttar, ha god takt og ligge godt for fela.
”Første veket laga eg første kvelden, dei to andre kom av seg sjølv andre kvelden.
 Merkelege greier!”, seier Trygve og fortel at han har fleire ”på lager”. Vi gler oss.

 

 
© 2024 Romsdal Spelemannslag

Hosted by: SPIFO LIMITED | Powered by: GoEdit™ / JOS | GoEdit™ a SPIFO LIMITED trademark.
Version: 12C2