Hovedside
Om laget
Aktivitetsplan
Bilder
CD
Notehefte
Årsmelding
Vedtekter
Lenker
Støtt oss
Kontakt oss



 
   

CD - " I Romsdalstakt" (utgitt 1997)

Sample Image

OMTALE AV SLÅTTANE

 

1. Vals frå Romsdal (trad.).

Denne valsen har vore mykje nytta i Romsdal, og har vore Romsdal Spelemannslag sin kjenningsmelodi. Den er óg kjend i andre deler av landet under andre namn.

 

2. Springar etter Peder Gussiås (1871 - 1945).

Arr.: Jorun Marie R. Kvernberg.

Slåtten er oppskriven av sonen Ole Gussiås. Peder budde i Gussiås i Nesset og spela fele i sin ungdom, men slutta då han vart 30 år. Peder hadde kontakter aust- og nordover til Gudbrandsdalen og Trøndelag, og fleire av slåttane etter han er òg kjende i desse distrikta.

 

3. Bøkker-Skotsk etter Andreas Nerbøstrand.

Arr. Arild Hoksnes.

Kvalstasjonen på Aukra trekte til seg folk frå heile landet. Dei første taktane av denne slåtten er etter ein kar frå Trøndelag som søkte jobb som tønnemaker eller ‘bødker’. Han fekk ikkje jobb, men slåtten vart verande igjen på Aukra.

Alle slåttane etter Andreas Nerbøstrand som er med på denne innspelinga, er å finne i noteheftet “Romsdalsslåttar”.

 

4. Halling etter Ivar Stangenes (1810-?)

Arr.: Ola Kvernberg.

Denne hallingen er oppskriven av Peter L. Rypdal som skreiv at Stangenes var lærar og kyrkjesongar i Rødven.

Utøvar: Stølslaget.

 

5. Masurkastubben / Petra masurka av Toralv Orvik.

Arr.: Toralv Orvik.

Toralv Orvik var fødd i 1900 på Otrøy i Romsdal. Han vart tidleg medlem av Romsdal Spelemannslag.Han var forretningsførar i Bolsøy Trygdekasse, no Molde Trygdekontor. Etter fylte 50 år  byrja han å komponere slåttar og fekk etterkvart ein stor produksjon. Mange av slåttane hans er utgjevne i notehefte 2 i serien “Med dåm og drag i Romsdal Spelemannslag.”

 

6. Eit Sommarbryllaup av Peter L. Rypdal (1909-1988)

Arr. for tre feler av Peter. L. Rypdal.

Peter L. Rypdal har folkemusikktradisjonar attende til midten av 1700-talet, flatfele- og vokalmusikk. Han var gardbrukar og vegvoktar i Tresfjord. Han var med og stifta Romsdal Spelemannslag der han var æresmedlem.

Denne bruremarsjen er skriven til venene Anne Marie og Henry Vike sitt bryllaup i 1959.

Bruremarsjen er her spela av Peter si dotter, Liv Haldis Rypdal Kvernberg, og barnebarna Jorun Marie og Ola, i Peter sitt eige arrangement.

 

7. Spelemansglede. Vals av Olaf Overå.

Arr.: Valborg Overå/Toralv Reistadbakk.

Valsen er tileigna Romsdal Spelemannslag og vart framført første gong på fylkeskappleiken i Molde i 1992. Olaf var æresmedlem i laget. Han har laga mange slåttar som er utgjevne i notehefte nr. 4 i serien “Med dåm og drag i Romsdal Spelemannslag”. Han var fødd i Liabygda på Sunnmøre, men budde mesteparten av sitt liv i Molde der han var børsemakar i Heimevernet. Han dreiv òg ei tid Pensjonat Utsikten.

 

8. Springar i C etter Peter L. Rypdal.

Slåtten har vore nytta i Romsdal, men er òg kjend som pols i Trøndelag. Den går i C-dur, ein noko uvanleg toneart, som var nytta i dei eldste formene av folkemusikk.

Utøvar: Leidulv Stokkeland.

 

9. Systra, pariserpolka (trad.).

11. mars 1961 gjorde Norsk Rikskringkasting opptak av Romsdal Spelemannslag for Folkemusikkhalvtimen, og ein av desse slåttane har vi lyst å ta med her. Det er Rolf Myklebust som kommenterer slåtten.

To av spelemennene som var med på opptaket, er òg med på denne CD-en.

Slåtten er mykje nytta i Romsdal, og er òg kjend i andre delar av landet.

 

10. Reinlender frå fjorå etter Andreas Nerbøstrand.

Arr.:Arild Hoksnes/Toralv Reistadbakk.

Fjorå er det same som fjordane på romsdalsdialekt. Olga, søster til Andreas, spela gitar og var mykje i lag med spelemenn ho møtte på arbeid i Nesset i Romsdal. Der var spelemenn som Ola Myrå og Oluf Bønå. Olga tralla slåttane vidare til Andreas når ho var heime på Nerbøstranda.

 

11. Vals etter Jon Kvernberg (1912-1981).

Arr.: Liv Haldis Rypdal Kvernberg.

Jon Kvernberg var veg- og anleggsarbeidar frå Rød i Romsdal. Han var sjølvlært spelemann på fele. Han lærte mange slåttar av Gustav Wahlström som var tilflytta anleggsarbeidar av svensk slekt, og som beherska slåttespelet godt. Wahlström gifta seg og slo seg ned i Nesset.

Utøvar: Stølslaget.

 

12. Skotsken ‘na Olga etter Andreas Nerbøstrand.

Arr.: Jorun Marie Rypdal Kvernberg/Toralv Reistadbakk..

Denne har òg Andreas etter søstra Olga, og den kjem også truleg frå Nesset i Romsdal, der det finst ein annan variant av same slåtten i opptak etter Jon Kvernberg.

 

13. Springar etter Hans Gjelsten (1896-1982)

Arr.: Jorun Marie Rypdal Kvernberg.

Hans Gjelsten var fødd og budde i Fiksdal i Romsdal, og spela både fele og klarinett. I 1917 vart han tilsett som klarinettist i regimentsmusikken i IR12 på Værnes. Han var ein av dei som skipa Romsdal Spelemannslag. Han har samla ei mengd slåtter, og har sjølv komponert omlag 40 slåttar.

14. Frænavisa.

Arr.: Jorun Marie Rypdal Kvernberg.

Denne skjemtevisa er skriven ned av Hans Haukås, Fræna, med frodig dialekt. Det er sagt at visa skal ha vore laga av ein aukraværing som beskriv fræningane på denne måten.

Vokal: Greta Herje, Jorun Marie R. Kvernberg og Liv Haldis R. Kvernberg; fele: Guro Herje, Ola Kvernberg og Frode Hauge.

 

15. Sløkkjaren. Springar etter Jakob L. Kjersem (1862-1944).

Arr.: Jorun Marie R. Kvernberg.

Jakob Kjersem var morfar til Peter L. Rypdal, og var militærmusikar i tida 1884-1914. Jakob spela i over hundre bryllaup, og var ein av dei viktigaste kjeldene for Arne Bjørndal si samling av folkemusikk frå Romsdal. Denne springaren fekk fart på dansen, ja i slik grad at kola (lampa) datt ned og slokna - derav namnet "Sløkkjaren". Jakob skal ha lært denne av ein som heitte Klokkar-Jo, etter Arne Bjørndal si oppteikning. Klokkar-Jo døydde kring 1910, omlag 82 år gamal.

Utøvar: Stølslaget.

 

16. Gamal bruremarsj frå Tresfjord.

Arr. for tre feler av Henry Vike

Denne bruremarsjen er av dei eldste bruka på desse kantar. I notar funne i Universitetsbiblioteket si musikksamling er bruremarsjen arrangert for janitsjar med slik påskrift på partituret: “Regiment-march. “Gangar”. Kjendt og benyttet som Brudemarch i 30, 40 årene på Søndmør og i Romsdalen. Opnotert af Regimenthornblæser J.O. Rypdal.”. Peter Jøsvold har også med denne marsjen i boka si: “Stordal i ord og toner.”. 

Utøvarar: Liv Haldis, Jorun Marie og Ola Kvernberg

 

17. Ekko frå Eikesdal av Peter L. Rypdal

Lydarslått skriven på reise over Eikesdalsvatnet under ei av Rypdal sine mange turnear for ungdomslaga i Romsdal i 30-åra. Lydarslåtten er inspirert av den storslåtte naturen i Eikesdal slik han opplevde det på den gamle Eikesdals-dampen.

For sitt arbeid for folkemusikken og ungdomsarbeidet fekk han Romsdals Ungdomssamlags ærespris for bygdekulturell innsats i 1977 og Vestnes kommune sin første kulturpris i 1987.

Utøvar: Ola Kvernberg.

 

18. Springdans av Peter L. Rypdal

Peter L. Rypdal har laga tre springdansar: Vegvoktaren, Bryllaupet på Nordbø, og denne som berre heiter Springdans. Alle desse vert etterkvart mykje nytta på kappleikar, særleg av dei unge.

Utøvar: Jorun Marie R. Kvernberg.

 

19. Skotårsmasurka av Peter L. Rypdal.

Arr.: Asle Rypdal.

Skriven til ein skotårsfest i 1936. Masurkaen har undertittelen: "Gjeft de vell i bli, om i so sjøl ska' fri!" - det er masurkatakt også i teksta!

Utøvarar: Fele: Ola Kvernberg og Jorun Marie Rypdal Kvernberg; klarinett: Brit Guro Rypdal; cello: Liv Rypdal Kvernberg; piano: Torbjørn Kvernberg.

 

20. Sommarnatten. Vals av Peter L. Rypdal

Arr. Asle Rypdal og Jorun Marie Rypdal Kvernberg.

Lydarslått. Utøvarar: Ola Kvernberg og Jorun Marie Rypdal Kvernberg.

   

21. Munnspelpolka etter Ole Nerbøstrand.

Arr.: Arild Hoksnes.

Polka er det gamle namnet på det som i dag vert kalla masurka.

Ole Nerbøstrand (1871-1956) var ein meister på munnspel. Slåttane etter han har ofte ei særleg god og enkel melodilinje, og dreg med seg ei drivande takt.

Solist på trekkspel er Arne Lied.

 

22. Kvernberg-valsen etter Andreas Nerbøstrand.

Arr.: Arild Hoksnes.

Spelemannen Lars Kvernberg frå Rød var forlova med ei jente frå Aukra og besøkte henne i jula 1932. Andreas fekk då lære denne rundvalsen av han.

 

23. Norgesmester’n. Reinlender, tradisjon frå Tresfjord.

Arr.: Toralv Reistadbakk

Romsdal Spelemannslag deltok med denne på Landskappleiken på Røros i 1970, og vann klassa for lagspel. Sidan er reinlenderen kalla Norgesmeister’n. 

Slått  24-34 er frå Barneleikarringens framsyningsprogram 

24. Bruremarsj i A-dur av Peter L. Rypdal. (Sjå omtale under slått nr. 6).

Arr.: Peter L. Rypdal.

Rekruttgruppa speler saman med spelemannslaget.

 

25. Kulla

Kulla er ein ‘nordisk’ sangdans. Vår variant er tufta på ein svensk tekst.

 

26. Kroken. Reinlender etter Kristoffer Gjerde.

Slåtten er oppteikna av Bergtor Gjerde, etter far sin som budde i Vestnes. Slåtten kjem truleg frå Hornindal.

 

27. Firetur frå Nes, Romerike.

Oppskriven i 1922 av Klara Semb, etter Olea Ullerengen, f. 1865 i Nes, Romerike.

Arr.: Jorun Marie R. Kvernberg..

Rekruttgruppa er med på å spele, saman med spelemannslaget.

 

28. Terningspelet

Terningspelet er ein sangdans der teksten har røter til middelalderen, opphavleg ein rekkedans, seinare ein ringdans

 

29. Klappdans (trad.).

sjå Norske Folkedansar III, slåttar til turdansane, samla av Klara Semb.

Arr.: Jorun Marie R. Kvernberg.

 

30. Tretur fra Hordaland (Honnfeiv), trad., oppskriven av Klara Semb.

Treturen er ein dans som handlar om kjærleik og sjalusi. Som dans høyrer den til rilane. Rilen har vore utbreidd på Dei britiske øyane og i Norden. I Noreg er denne dansen kjend frå 1700-talet. Kanskje kom dansen til Noreg i samband med tømmerhandelen

Arr.: Jorun Marie R. Kvernberg.

 

31. Per Spelmann

 

32. Eg ser på deg

 

33. Duva

Duva eller Tora liti som den siste dansen heiter, er ein religiøs folketone frå middelalderen med klår forankring i katolsk tru. Visa fortel om ein engel som kjem til Tora liti som ei due. Dua syng for Tora og spør om ho vil følgje henne til himmelen. Det vil ho, og der vert ho motteken av Jomfru Maria.

 

34. Svanhilds Bruremarsj av Peter L. Rypdal (sjå omtale av slått nr. 6).

 

 
© 2024 Romsdal Spelemannslag

Hosted by: SPIFO LIMITED | Powered by: GoEdit™ / JOS | GoEdit™ a SPIFO LIMITED trademark.
Version: 12C2