Hovedside
Om laget
Aktivitetsplan
Bilder
CD
Notehefte
Årsmelding
Vedtekter
Lenker
Støtt oss
Kontakt oss



 
   

NYHET: Historisk billedpresentasjon!!

Vi har nå lagt ut Power Point-programmet som ble vist under jubileumsmarkeringen for tre år siden. Klikk på filen nedenfor og normalt vil da programmet komme opp automatisk. Hvis ikke, kan du dra kopi av filen over på skrivebordet, åpne Power Point-programmet du forhåpentligvis har på maskinen din og åpne filen.  Power point-presentasjon av laget

 Om Romsdal Spelemannslag

ImageFrå laget si historie.

Den 7. januar 1936 kom nokre spelemenn frå Romsdal saman på Hotell Bondeheimen i Molde for å skipe eit Romsdal Spelemannslag, og er dermed eitt av dei eldste spelemannslaga i landet. Møtet vart kalla saman av spelemannen P.K. Rekdal frå Fiksdal - etter oppmoding frå Romsdal Ungdomssamlag.

 

 

 

 

 

Image

 

 

 

 

Til formann vart P.K. Rekdal samrøystes valt, og med seg i styret fekk han Peter L. Rypdal, Hans Gjelsten og Thomas Strømme. Andreas O. Heggdal vart vald som representant for Romsdal Ungdomssamlag. Desse fem vart såleis det første styret i Romsdal Spelemannslag. Allereie første året fekk laget 17 spelemenn som medlemar. I dag har laget 40 medlemar og talet på aktive spelemenn og –kvinner er om lag 20.

 

I jubileumsskrivet som Magnus Hagen skreiv til 50 års feiringa, kan vi lese at aktiviteten i laget har vore særs bra i lange periodar, avbroten av periodar med mindre aktivitet.

Image

Ei av dei største musikalske hendingane for laget var då Romsdal Spelemannslag gjekk heilt til topps i lagspeltevlinga på landskappleiken i Røros i 1970. Reinlenderen som laget spela, fekk etter dette namnet Norgesmester’n.

Image

 

Laget har jamleg stått som arrangør av fylkeskappleikar, siste gong i 2003. Av større arrangement kan nemnast Landskappleiken og årsmøtet i LFS i 1966. Dette var det aller første arrangementet som vart halde i det nye Molde Rådhus.

Første gongen Romsdal Spelemannslag var å høyre i NRK, var i 1957. Sidan har det blitt fleire sendingar på riksnettet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Image

Plate og notehefter

 

Ei oppgåve for laget har vore å samla inn lokale slåttar. I 1977 kom den første plata med Romsdal Spelemannslag: “Dans under Trollveggen”. I 1997 gav laget ut CD-en ”I Romsdalstakt”.

I åra mellom innspelingane har laget konsentrert seg om å gje ut notehefte. Fem hefte er komne ut i serien “Med dåm og drag i Romsdal Spelemannslag”. I 1995 kom det siste heftet til no: “Romsdalsslåttar” med slåttar etter Andreas Nerbøstrand frå Aukra, arrangert av Arild Hoksnes.

 

 
© 2024 Romsdal Spelemannslag

Hosted by: SPIFO LIMITED | Powered by: GoEdit™ / JOS | GoEdit™ a SPIFO LIMITED trademark.
Version: 12C2