Hovedside
Om laget
Aktivitetsplan
Bilder
CD
Notehefte
Årsmelding
Vedtekter
Lenker
Støtt oss
Kontakt oss



 
   

Vedtekter for  Romsdal Spelemannslag - Stifta 1936

§ 1         Føremål


Romsdal Spelemannslag har som formål å samle spelemenn, songarar, dansarar og andre interesserte for å dyrke og ta vare på dei lokale tradisjonane i spel, song og dans.


§ 2        Lagsverksemda


Laget skal skipe til samkomer med spel, song og dans, drive opplæringsarbeid og ta opp spørsmål som kan fremja folkemusikk og dansearbeidet.

§ 3        Tilknyting

Laget og lagsmedlemene skal vere medlemmer i FOLKORG.

§ 4        Styret

Styret skal vere samansett av leiar og fire faste medlemmer. Leiaren blir vald av årsmøtet for eitt år. Styremedlemmene blir valde for to år, slik at to av dei er på val kvart år.

Det skal dessutan veljast to varamedlemmer til styret og to revisorar for eitt år.

Styret konstituerer seg sjølv. 

 § 5       Årsmøte

Årsmøtet skal haldast kvart år midtvinters. Alle sakene som skal avgjerast her, må vere oppførte på sakslista. Sakslista må gjerast kjent for medlemmene gjennom rundskriv og/eller lysing i lokalavisa seinast to veker før møtet blir halde. Framlegg til saker på møtet må vere hjå styret minst tre veker før møtet, og dato for årsmøtet må vere kunngjort for medlemmene i god tid før denne fristen. Alle som har betalt årspenger til laget, har røysterett på årsmøtet.

Årsmøtet godkjenner framlegg til årsmelding frå styret og rekneskapen for siste rekneskapsår. Vidare vedtek årsmøtet arbeidsprogram og budsjett for det komande året, og årspenger for neste år.

Årsmøtet set kvart år ned ei valnemnd på tre medlemmer, som i god tid før neste årsmøte kjem med framlegg til nye tillitsfolk i laget.  

§ 6        Omframt årsmøte

Det skal haldast omframt årsmøte dersom styret finn at særskilte høve gjer det naudsynt, eller dersom minst ein tredjedel av medlemmene krev det.

§ 7        Oppløysing

Laget skal berre oppløysast av årsmøtet med minst tre fjerdedels fleirtal, og ikkje dersom minst fem medlemmer går mot det. Dersom laget blir oppløyst, og ikkje innan ti år tek opp att arbeidet på same grunnlaget som tidlegare, kan FOLKORG avgjera korleis laget si eige skal takast vare på og eventuelt brukast i distriktet til formål laget har arbeidt for.

Endret 16. mars 2022

 

 

 
© 2024 Romsdal Spelemannslag

Hosted by: SPIFO LIMITED | Powered by: GoEdit™ / JOS | GoEdit™ a SPIFO LIMITED trademark.
Version: 12C2